YTSTE SKOTET, FJORD

Bli med på slåttedugnad i sommar

Ønsker du å gjere noko heilt nytt i sommar?

 

Då blir du med på slåttedugnad på fjellgarden Ytste Skotet! I veke 31, 32 og 33 er det mogeleg å vere med heile tida eller i minimum tre dagar. Gi beskjed om aktuell periode til postys@mupsu.no

Standarden er enkel, då der er verken straum eller innlagt vatn. Men slåttefolka får tak over hovudet, og mot eit lite bidrag på 75 kr per døgn blir ein med på fellesmåltida. Vi organiserer båtskyss frå Dyrkorn og over fjorden.  

Å vere med på slåtten er ein sjanse til å leve tett på den storslåtte naturen i Storfjorden, og å lære om livet den gongen og om korleis vi best kan ta vare på kulturarven for framtida. Slåttemarka og slåttemyra vert slått med ljå og slåmaskin og graset vert tørka på bakken eller hesja. Dette er tidkrevjande arbeid og vi treng difor di hjelp i arbeidet.