SYKKYLVEN NATURMUSEUM

Museumspassasjen

Den grå og flate fasaden på bygget som husar dei to musea i Sykkylven har fått seg ei flott ansiktsløfting.

 

Med store bilde som viser glimt frå både møbelproduksjon og ulike naturfenomen, har den såkalla «museumspassasjen» blitt ein flott introduksjon til det som ventar deg innanfor museumsveggane.

 

Avdelingsleiar på Møbelmuseet, Kjetil Tandstad (t.v) og avdelingsleiar på Sykkylven Naturmuseum, Magnhild Vatne (t.h) er strålande nøgde med resultatet som fotograf Hallvard Sandvik og formgivar Eldar Tandstad er mestre for. I midten Njell Hoftun frå Sykkylven kommune som har vore med å finansiere bildecollagen.