SUNNMØRE MUSEUM, ÅLESUND

Sunnmørsbåten

Sunnmørsbåten er fellesnemninga for den gamle bruksbåten på Sunnmøre, og som havbåt var han i bruk fram til om lag 1880. Framdrifta var årar og segl.

 

Sunnmørsbåten er fellesnemninga for den gamle bruksbåten på Sunnmøre, og som havbåt var han i bruk fram til om lag 1880. Framdrifta var årar og segl. Sunnmørsbåten var brei framme og smal bak, slik at den løfta godt i sjøen. For å få til dette sette båtbygjaren inn fleire bordgangar i forskipet enn i akterskipet. Desse borda kallast renningar, og då dei gjekk på skrå, vart sunnmørsbåten kalla snedbetning. Byggjemåten gjorde at båten vaka bra og var mjuk i sjøen. Sunnmørsbåtane var klinkbygde, ein over 2000 år gamal tradisjon her i landet, der båtborda overlappar kvarandre og er klinka saman med jernnaglar. Når båten var borda opp, la dei inn spanta el. Banda som stiva av og forsterka båten. Spesielt for sunnmørsbåtane er at dei hadde asymetrisk råsegl som var om lag tre gonger så breitt i underkant som oppe ved råa. Båtane vart bygd i mange storleikar frå  den store åttringen til den lille færingen.

Ut å ro
Sunnmørsbåtane finn du både i den store båthallen, og om sommaren, ved museumskaia. Om du ønskjer å prøve ro-ferdigheitane dine, er du velkommen til ein rotur. Du kan også leige båt for ein heil dag eller natta over.