SUNNMØRE MUSEUM, ÅLESUND

M/K Helland

Ved museumskaia ligg M/K Heland - ein fiskekuttar på 63 fot, bygd i 1937. Heland er kjend som "shetlandsbuss" under den andre verdskrigen.

 

Ved museumskaia ligg M/K Heland - ein fiskekuttar på 63 fot, bygd i 1937. Heland er kjend som "shetlandsbuss" under den andre verdskrigen. Helland vart brukt til heilårsfiske. Om vinteren var det drivgarnfiske etter sild, så var det torskefiske til han i mai vart utrusta til fangst av brugde og småkval. Kvalfangsten gjekk føre seg i Barentshavet, i farvatnet rundt Island og i Nordsjøen. Om hausten var det kveitefiske på Storegga.

Ein eventyrbåt
Fiskekuttaren Heland vart kalla ein eventyrbåt. Den gjorde store og gode fangstar. Det følgde og lukke med verksemda under krigen. 1941 – 42 gjorde båten fleire turar med flyktningar frå Sunnmøre til Shetland. Båten gjekk inn i Shetlandsgjengen sin flåte av fiskefartøy. Heland gjekk med våpen- og ammunisjonslast, eller den frakta Linge-folk og andre motstandsfolk. I 1943 vart Heland avløyst av moderne ubåtjagarar. Heland vart museumsbåt i 1972 og fullrestaurert i 1997.

Helands venner
Helands venner er ei interessegruppe som tek del i arbeidet med bevaring, bruk og vedlikehald av M/K Heland. Dei gjer praktisk dugnadsarbeid på båten og er mannskap om bord.