SUNNMØRE MUSEUM, ÅLESUND

Kvalsundskipet

Kvalsundskipet er tidfesta til år 690 e.Kr. Saman med ein mindre båt blei skipet funne av gardbrukar Johannes Kvalsund og sonen Jacob under torvspading på garden Kvalsund på Nerlandsøy i Herøy i 1920.

 

Skipet som truleg var eit krigsfartøy, var brekt heilt sund, og gravd ned som eit offer til gudane. Kvalsundskipet er 18 meter langt og 3,2 meter på det breiaste. Det er bygd i eik med spant av furu. Spanta er surra til bordgangangane. Borda er klinka saman med jernnaglar. Skipet kunne føre segl, men det er ikkje funne spor av mastefeste. Dei mange delane blei gravd fram av arkeologen Haakon Shetelig. Ingeniør Frederik Johannessen teikna ein rekonstruksjon av skipet. I 1973 bygde Sigurd Bjørkedal ein kopi av det store Kvalsundskipet. Dette skipet kan du sjå i den store båthallen på museet.