SUNNMØRE MUSEUM, ÅLESUND

Fjørtoftbåten

I myra på Marsteinneset på Fjørtoft, fann Rasmus Fjørtoft to båtar i 1940. Dei var sett heile ned på myra.

 

Dei var sett heile ned på myra. Den store båten var fylt med stein, og det var ikkje utstyr eller andre gjenstandar i eller ved båtane. Truleg har dei vore ei offergåve. Utgravinga vart gjort av arkeologen Per Fett, og båtane vart rekonstruert av skipshistorikar Bernhard Færøyvik. Båten du ser i båthallen er den største av dei to båtane, og er om lag 10 meter lang. Skroget er i eik, med seks klinka bord på kvar side. Spanta er feste til bordgangane med trenagler. Det blei ikkje funnet mastefeste eller andre teikn på at båten førte segl. Den minste båten, så stor som ein færing, var mykje mindre og svært øydelagt. Tetningsmaterialet (nauthår) i den største båten er C14-datert til ca. 860 e.Kr. Per Fett meinte at båtane vart bygd ein gong mellom 500 og 900 e. Kr. Nokre har meint at båtane var om lag like gamle som Kvalsundskipet, altså frå tida rundt år 700. Dei rekonstruerte båtane er bygde i 1951 av Sigurd Bjørkedal.