SUNNMØRE MUSEUM, ÅLESUND

Historia

Borgund - byen i havlandet

 

KYSTEN, BÅTEN OG LEIA
Sunnmøre er den sørlege delen av Møre – Havlandet. Båten og fjorden batt folk saman, og sentralt i dette kyst- og fjordlandskapet låg Borgund.

Frå både øyane i nord og sør, og frå fjordbygdene, var sjøvegen kort og grei. Det var heller ikkje lange stykket ut til hovudvegen, Nordvegen, leia langs Norskekysten.

På Borgund dannar Nørvasundet, Klokkersundet og Katavågen naturlige hamner. Det er grunt her i dag, men om vi tar omsyn til utfyllingar og landstigninga dei siste tusen åra, framstår Borgund som ei god hamn i vikingtid og mellomalder. 

I Borgundfjorden er det lange, sei og torsk, og om våren kjem store innsig av skrei. Ved fjorden vaks det fram fleire fiskevær. Snorre skriv i Olav den heilages saga om Hundsvær, like vest for Borgund, og ved innløpet av fjorden ligg garden Molvær. 

Hovdingsetet Borgund var i vikingtida ein marknadsplass som i mellomalderen vaks til ein by der kjøpmenn tilbydde møringane kvalitetsvarer og det dei elles ikkje laga sjølve. Samstundes som fjordbøndene kunne komme med skinn og smør, og kystbøndene med overskotet av det dei hausta av havet. 

Det var vanleg at kongen heldt ei vernande hand over dei norske byane, men på Borgund var det annleis. Like i nærleiken heldt stormennene på Giske til. Dei var mellom dei rikaste i landet og var vel tent med å verne ein by i nærleiken og handelen der.

Dei skriftlege kjeldene
I Snorre si forteljinga om Olav den heillage si ferd på Sunnmøre i 1028 høyrer vi om Borgund for første gong, Medan den samlinga av kongesoger som vert kalla Agrip, skriftfesta i 1190, er den eldste skriftlege kjelda som nemner Borgund. Eit kongeleg brev frå 1384 er den eldste skriftlege kjelda som omtaler Borgund som by. 

Årestova
Museet er bygd rundt restane av tre hus. Den største er årestova. Den var i bruk på 1000-talet og kanskje på byrjinga av 1100-talet. Namnet har den fått etter åren midt i huset. I vestenden har den ein opphøgd plattform, ein pall. Kva stova vart brukt til veit vi ikkje, men det kan ha vore ei stove der dei heldt festar eller ein kom saman for å avgjere felles saker.

 


BYEN
Tidleg på 1900-tallet var det ikkje synlege teikn etter byen Borgund. Ved pløying og grøftearbeid på prestegarden dukka det likevel opp spor etter tidlegare busetting.


I 1940 grov man grøfter på prestegardsjordet og fann «saker av bykarakter». Frå 1953 og nesten kvart år fram til 1981 leia Asbjørn Herteig dei arkeologiske undersøkingane på staden. Då vart dei fysiske spora av byen avdekka.

Byområdet
Byområdet meinte ein gjekk frå Prestegarden og Borgundkyrkja i vest til Klokkersundet i aust. I sør vert området avgrensa av Borgundfjorden, og i nord av Sunnmøre Museum. Det gir eit område på 45-50 mål.

Langs Nørvasundet låg det på 1600-tallet små plassar der det sat ulike handverkarar. På austsida av Katavågen blei det i prost Baade si tid (1785-1812) avdekka «svære Bjelker i Stranden, som Tegn til Brygge eller Søhuse» og i 1835 blei det funnet husrestar på same staden. Borgund har såleis truleg omfatta meir enn det mange først rekna som byområdet.

Takmarka
Kong Olav Håkonssons utstette i 1384 eit brev der Borgund er omtalt som ein av dei kjøpstadane som frå gammalt av har hatt «takmark» eller bygrense. Takmarka omfatta også utmarksområdet som låg til byen. Der kunne byfolket ha åkrar, ha dyr på beite og hente ved.

Innafor takmarka gjaldt bylova, og byen hadde eigne embetsmenn. I 1239 var det tre syslemenn på Sunnmøre. Ein for nordluten, ein for sørluten og ein for Borgund. Rett ved sida av Borgundkyrkja ligg Tinghaugen, og staden har frå gammalt av vore tingplass

Syslemannen var kongen sin mann lokalt. Han sytte for at kongen sine inntekter kom inn, både skattar og bøter. Syslemannen skulle og sørgje for at lovbrytarar vart framstilt for retten og var lokal militær leiar. Området han styrde var ei sysle som seinare vart kalla len.

Folketalet
Namnet på to bygardar er kjent i brev frå 1338 og 1429. Dei har mannsnamn slik vi kjenner det frå bygardar i Bergen. Men korleis Martinsgarden og Aslaksgarden på Borgund såg ut er uvisst. Langs Klokkersundet låg det lagerhus og framfor dei gjekk det kaier ut i sundet. Ved Katavågen er det spor etter langskipsnaust, mindre naust, kaier og sjøhus.

Folketalet har endra seg både over tid og i sesongane, men har kanskje vore på sitt høgaste mot slutten av 1200-tallet. Ut frå det såkalla «svartjordsområdet», det området som arkeologane har meint var Borgund, kan det ha budd rundt 500 menneske i byen. Dersom byen si takmark var monaleg større enn dette, kan folketalet vore ein god del høgare, gjerne det doble.

 

STORMENN, GÅVER OG HANDEL
Frå byrjinga av var Borgund eit hovdingsete. Fagrskinna fortel at Håkon jarl og sonen Eirik var i gjestebod på garden Skuggen i Borgund då jomsvikingane var på veg nordover (985).


Og då færøyingen Sigmund Brestesson kom til Norge ein gong på slutten av 900-talet, var bodskapen at Håkon jarl heldt hus i Borgund. Etter tradisjonen skal Håkon hatt ein hall som husa eit hov for Torgerd Holgabrud her.

I andre halvdel av 800-talet styrde Ragnvald Mørejarl på Møre og då i allianse med kong Harald Hårfagre og Ladejarlen. Sønene til Ragnvald; Rollaug, Einar og Rolv (Rollo) for ut i verda, medan Tore vart heime og gjorde lite av seg. Mørejarlætta vart mindre synleg og frå 1000-talet er det arnungane eller arnmødlingane på Giske som tek stryringa.

Giskeætta
Tidleg på 1000-tallet vart Giskefolket omtalt som kongens fremste menn på Møre, noko dei heldt fram med å være gjennom heile mellomalderen. Dei var inngifta i andre stormannsætter og Torberg Arneson av Giske var såleis gift med Astrid, dotter til Erling Skjalgsson. Dotera til Torberg, Tora, blei gift med kong Harald Hardråde, og var såleis mor til kong Olav Kyrre. Giskeætta sat i mellomalderen på eit enormt jordegods og var truleg Noregs rikaste. Giskeherrane var mellom dei fremste i riksstyret og kjende seg på lik line med høgadelen i Europa.

Truleg var det stormennene på Giske som garanterte lov og orden på Borgund. Fleire gonger heldt dei ting og utøvde sine kongelege verv her. Kjøpmennene fekk for det meste drive handel i fred og ro. Men under borgarkrigane sin siste del (1184-1240) vart byen fleire gonger utsett for herjingar. Og i 1496 gjorde bøndene opprør og drap futen Arild Kane då dei var samla til ting på Borgund.

Skipa
I 1103 la fem langskip med mange hundre sunnmøringar, og med Giskeherren Skofte Ogmundsson som leiar, ut på pilegrimsferd til Jerusalem. Dei fleste kom ikkje lenger enn til Roma, men etter tradisjonen for nokre vidare til Konstantinopel. Der gjekk dei inn i keisaren si livvakt

Knarren var breiare og djupare enn langskipa. Dei var bygd for krigføring, medan knarren var eit handelsskip bygd for å romme last. Langskipet kunne dei både ro og segle, medan knarren var bygd for seglas. Den best bevarte knarren er funnen i Danmark, og Sunnmøre Museum har ein kopi av den, «Borgundknarren», bygd i Bjørkedalen i 1993.

Gåver
Oppsamling av rikdom og utdeling av gåver skapte grunnlag for varebyte og handel.

I mellomalderen vaks det og fram ein handel som var marknadsorientert og delvis brukte mynt som betalingsmiddel. Kyrkjas fastereglar og ei veksande befolkning i Europa førte til auka etterspørsel av fisk alt før 1000-tallet. Frå Borgund segla skuter tunglasta med tørrfisk til Bergen, og truleg til England, Tyskland og elles dit fisken var etterspurd kost. 

Tørrfisk
Skrei er torsk som vandrar inn frå havet for å gyte ved kysten. Ordet skrei kjem truleg frå det norrøne ordet «skrida» som betyr å vandre. Av skrei og torsk vart det laga tørrfisk. Fisk som berre var kappa hovudet av, og der to og to vart bundne saman og hengt til tørk, vart kalla rundfisk. Råskjær var skjert opp langs buk og rygg og hang berre saman etter sporen. Tørrfisk frå Sunnmøre var råskjær. Så langt sør vart ikkje rundfisken tørr. Den tørka fisken var brukbar i 5-7 år. Det gjorde at den kunne fraktast over lange avstandar og tåle lagring i lang tid.

Omfanget av fisket er uvisst, men i 1756 deltok 536 små og store båtar i Borgundfjordfisket. Hans Strøm meiner at resultatet vart noko slikt som 75 000 vågar tørrfisk eller mest 1400 tonn fisk. Vel hundre år seinare var talet oppe i 1028 båtar. Då var vel 7000 fiskarar og deira familiar avhengig av eit godt torskefiske. Kanskje gav fisket 30 000 – 40 000 menneske råd til noko ekstra det året.

Handel
Til Borgund kom det varer frå innland og utland. Korn, tekstilar, vin, smykke og mykje anna. Skip la til ved kaiene i Klokkarsundet og Katavågen, og sunnmøringane segla til byen for å handle det dei ikkje fekk laga heime. Bygardar kom og forsvann, men byen vaks. Ein tradisjon seier at engelske kjøpmenn hadde eit kontor på Borgund, og om så var, synleggjer det den direkte kontakten Borgund hadde med utlandet.

 


KYRKJESTADEN
Borgund var det største kyrkjesenteret mellom Bergen og Nidaros i mellomalderen. Jordebøker og brev nemner fire kyrkjer, og plasseringa til tre av dei er kjend. Peterskyrkja var soknekyrkje, medan dei andre var bykyrkjer.

Kyrkja hadde store inntekter – tiend, jordleige og bøter. Tienda var ein tidel av alt som vart produsert og så delt mellom biskop, prest, kyrkje og dei fattige. Til Borgund kom det også fisk, skinn og andre varer som jordleige for gardane kyrkjene eigde. Saman med tienda var dette handelsvarer som gjorde kyrkja rik.

For pilegrimane på veg nordover, vanka her mat og husly i herberget. Prestane tok hand om både sjel og lekam. Dei var skrive- og lesekunnige og hjelpte folk med å setje opp brev og dokument. Dei døypte, velsigna og gravla, og slik ramma dei inn kvardagen til byfolket med bøn, song og klokkeklemt.

Dei første kyrkjene
Kong Håkon Adalsteinfostre (o.933-961) kom frå England og ville kristne Noreg. Han fekk bygd kyrkjer på Møre, men bøndene tykte ikkje om det. Uttrønderane for med fire skip sør til Møre, og der drap dei tre prestar og brende tre kyrkjer, Så segla dei heim. Om ei av desse kyrkjene var på Borgund er uvisst.

Ved Katavågen låg ein kristen gravplass tidleg på 1000-talet . Minst 300 menneske var gravlagd her. Gjennom handel og andre vikingferder må sunnmøringane tidleg ha komme i kontakt med kristendommen og gjeve slipp på Odin, Tor og Frøya.

På 1100-talet kom steinkyrkjene. Mellom brune og grå trehus skein dei kvite marmorkyrkjene mot dei som vitja Borgund. Marmoren hadde dei truleg henta på Humla, ei av øyene like ved. Det var dyrt å byggje i stein, og det tok mange år å reise ei slik kyrkje.

Margareta- og Kristkyrkja
Ute på neset mot Borgundfjorden ligg enno restane av Margaretakyrkja. Kyrkja er truleg frå 1100-talet. Men dei mange gravene knytt til kyrkja ligg i to ulike retningar. Det er som dei høyrde til to ulike kyrkjer. Og under bakken, rett syd for kyrkja er det spor etter noko som kan vere ein kyrkjegardsmur eldre enn den som høyrde til mellomalderkyrkja. Kanskje er vi her på sporet etter eit retteleg gamalt gudshus.

Namnet Kristkyrkje er ofte knytt til biskopkyrkjer. Roger av Hoveden skriv i sin engelske krønike litt om hendingar i Noreg i året 1194. Der nemner han ein biskop i Borgund. Det er likevel uvisst om Borgund ei tid var bispesete.

Mattias- og Peterskyrkja
Mattiaskyrkja på Borgund er omtalt i erkebisp Aslak Bolt (1428-50) si jordebok. Då får lesaren vite at gardane kyrkja ein gong åtte, no høyrer til erkebispegodset. Ei kunngjering frå erkebisp Eiliv (1309-32) fortel oss truleg kvifor. Tidleg på 1300-talet står kyrkja til forfalls og sjølv om Eiliv ivra for å byggje ho opp att, har det nok blitt med dei fromme ønskja. Kvar Mattiaskyrkja låg er uvisst.

Peterskyrkja var kyrkja for bygdene rundt byen. Den låg høgt og synleg oppe ved Tinghaugen, og medan dei andre kyrkjene vart lagt i grus, vart den ståande. I 1630-åra tok ein marmorstein frå Margaretakyrkja og bygde på Peterskyrkja. I dag er austfløyen av Borgundkyrkja den gamle Peterskyrkja.

Helgenane
Soknekyrkja – Peterskyrkja – var vigd til apostelen Peter, Margaretakyrkja til den heilage Margareta av Antiokia og Mattiaskyrkja til apostelen Matteus. Alle skulle ha relikviar etter sine vernehelgenar. Giskekyrkja som var vigd til Maria, Johannes og Nikolas, måtte vere ekstra rik sidan det tilsa tre heillage relikviar. Noko som sjølvsagt avspegla Giskeætta si hovdingmakt.

Prestar og pilegrimar
Borgund var kvilestad for pilegrimar på veg til Nidaros og Heilag Olav si grav. Mykje tyder på at det var eit herberge i byen. Det kan vere dette som avspeglar seg i tradisjonen om eit kloster her.

Prestane i Borgund var velståande. Til embeta låg det jordegods og dei fekk dessutan ein fjerdedel av tienda og betaling for tenester dei utførte. På 1600-talet åtte kyrkja over ein fjerdepart av jorda på Sunnmøre, og over halvparten av inntektene av dette gjekk til prestane.

 

 

LIVET I BYEN
Det som skilde Borgund frå omlandet var den tette busetnaden, alle menneska, handel og handverk. Mellom bymenn, koner og ungar gjekk handelsmenn frå fjern og nær.

Handverkarane arbeidde i verkstadane sine og varer låg framme slik at kjøparane fekk vurdere kvaliteten. Under torskefiske, på marknadsdagane og når konge, kyrkje og stormenn kravde at bymenn og bønder stilte opp, vart bylivet endå meir hektisk. 

Kjøpmannen
Fisk, skinn, smør og andre varer vart send ut av distriktet. Korn, tekstilar, kleber, vin og mykje anna vart henta inn. Handelsvegane gjekk til Veøy og austover, til Bergen og Trondheim, og dei segla til øyane vest i havet. På Borgund fekk bøndene dei varene dei sjølve ikkje produserte eller tilverka.

Her fann ein fine klede frå utlandet og det vart sydd og vevd av kyndige hender. Nåler, kammar og vakre smykke vart bodne fram til dei som ville pynte seg. Nokre kjøpte hengelåsar for å sikre det dei sette mest pris på. På Borgund fann dei det meste.

Handverkarane
Skomakarane laga sko som var heilt på høgde med det som elles vart sydd rundt om i Europa. Sjølv om sko var dyre, var det nok av dei som tykte det var likare med noko på beina enn det å vandre rundt berrføt.

På Borgund bygde dei leidangsskip. Soga fortel om eit som var under bygging, men som i ufreden under borgarkrigane, vart tent på og brende opp. Då laut skipsbyggarane i elden og bygge nytt. Båtbyggjarane trengde jernnaglar. Ljåar og spader vart slitt og måtte fornyast. Sverd skulle smiast og hesten ha sko. Eld og varme for ein varsamt med, men smeden var uunnverleg.

På Borgund har ein ikkje funne huset til bakaren, slaktaren eller ølbryggaren, men dei var der. Store mengder kokstein og haugevis med dyrebein er spor etter aktivitetane deira.

Mat og drykk
Til vanleg var det tre måltid om dagen. Maten var variantar av graut, brød, fisk og kjøt. Dessutan åt dei grønsaker, frukt og bær. Folk flest åt nok mykje graut, men på Borgund var fisk svært vanleg og kjøt ikkje uvanleg. Og urter og krydder. Gjerne mykje krydder, ikkje berre for smaken si skuld, men og for å syne status og rikdom.

Kosthaldet var viktig for helsa. Den kloke åt ikkje lyst og magert kjøt, men feit mat som griselabbar og feite gjæs. Når kvardagen var kald og strevsam, lengta kroppen etter feit og kaloririk mat, ja ei gåsesteik kunne vere som ein himmelsk draum.

Vatn drakk dei lite av. Det var ureint. Det dei drakk var store mengder øl. Mjølk var for ungar og sjuke. Dei fine hadde råd til vin, anten importert eller laga av heimeplukka bær, og så mjød. Mjøden kravde søting som honning, og det hadde slett ikkje alle råd til.

Leik og arbeid
Fram til dei var sju år var det mest leik for ungane. Men frå då av og til dei var tolv gav foreldra dei små oppgåver som dei måtte gjere. Når dei var tolv, vart dei rekna som vaksne. Då kunne ei jente gifte seg, medan gutane måtte vente nokre år til.

Foreldra var glade i barna sine. Dei passa på dei og hadde omsorg for dei. Dei laga leiker til dei og let dei få tid til å vere ungar. Nokre hadde dokker eller små trefigurar, gutane vifta med tresverd og skaut med pil og boge. Andre for på handelsferd med små heimespikka båtar eller sette seg ned med brettspel. Kanskje hadde dei laga ein ball av skinnfiller og leika med den.

Smerte og magi
Nokre dreiv med magi ved å sei at dei hadde evne til å kunne drive bort dei vonde åndene som gav sjukdom og plager. Samstundes skulle menneske tåle smerte. Sjela hadde godt av å lide for Guds skyld. Ein skulle lide som Kristus, og dei fattige og sjuke var på ein måte representantar for han på jorda. Kanskje var det difor dei fann seg i all den elende og liding som omgav dei.

 

 

BYEN VERT HISTORIE 
I Sunnmøres Beskrivelse frå 1766 fortel Borgundpresten Hans Strøm at han veit om byen, men han har ikkje «kundet findet noget Spor dertil paa Præstegaarden».

Jonas Ramus skriver i 1715 at Borgund «siges» å ha vore ein kjøpstad. Jonas Andersson som i 1626 samla inn opplysningar om fornminne i Bergen bispedømme, noterte at Borgund «haffuer værit en Bye» og at ein framleis kunne sjå «paalerne, paa huilke brygger och boleverker haffuer værit funderit.» Byen var ikkje meir. Kva hende?

Pest
September 1349 må ha vore eit mareritt for alle på Sunnmøre. Tidlegare det året kom det eit skip til Bergen, lasten blei lossa og kort tid etterpå begynt folk å dø i hopetal. Pesten – Mannedauden, Drepsotten, Digerdøden, Svartedauden – var kommen til Vestlandet. Frå Bergen bredde pesten seg nordover. I løpet av kort tid døyr kanskje halvparten av dei som budde på Borgund og på Sunnmøre. Berre ein av fem som blei smitta overlevde. Fleire epidemiar følgde og rundt 1520 ligg to tredjedelar av gardane i Borgund sokn øyde, og byen Borgund fekk ein knekk den aldri kom over. På Sunnmøre flytta folk inn til dei sentrale og største gardane, og klarte seg i langt større grad sjølv. Dei handla og bytta ikkje varer som før.

Kulde
Det er likevel teikn på at noko var gale alt før pesten slo til. Eiliv, erkebisp frå 1309 til 1332, skriv i eit brev at Mattiaskyrkja forfell og at dei som er med på å gjenreise den, skal få 30 dagar avlat. Det må ha vore vanskelege tider, men framleis med eit håp om å vende det til det betre. 

Klimastudiar tyder på at vintrane blei kaldare, noko som må ha ført til at sjøen også vart kaldare. Det er då mogeleg at skreien ikkje gjekk inn i Borgundfjorden som tidligare, men blei ståande ute på bankane. Ein svikt i torskefiske må ha ramma byen hardt. Det vart mindre av den viktigaste handelsvara og dei tilreisande fiskarane dukka ikkje opp.

Konkurranse
Frå midt på 1300-talet slo den tyske Hansaen seg ned i Bergen. Dei kunne tilby sunnmøringane ein betre og rettare pris for tørrfisken enn det dei lokale borgarane kunne. Dessutan gav dei større kreditt. Resultatet blei at sunnmøringane heller drog til Bergen enn til Borgund med fisken, sjølv om kong Olav Håkonsson i 1384 påbaud sunnmøringane å handle på Borgund. Kongen ville samle handelen i byen, sunnmøringane ville handle der det lønte seg best – for dei. Utpå 1500-talet byrja dessutan bergensborgarar å bu og drive handel på Sunnmøre.

Større skip
Klokkersundet var ikkje djupt og utfyllingar gjorde innseglinga til kaiene og Katevågen grunnare. I seinmellomalderen ble handelsskipa større. Jekter og kogger stakk djupare enn knarrar og vikingskip, og Borgund var ikkje lenger ei god hamn.  

Stormennene
Herrane på Giske vart mindre sunnmøringar. Gardane dei åtte låg over heile landet, og dei fekk seg bygard i Bergen. Dei gifta seg inn i andre stormannsætter og i seinmellomalderen var dei ikkje alltid norske. Borgund var ikkje lenger like naudsynt for å ta hand om deira interesser.

Kyrkjer vert lagt ned
Nedgang i folketal og økonomisk vanskelege tider førte også til at kyrkjeorganisasjonen blei svekka. Det må etter kvart ha blitt uråd å vedlikehalde alle kyrkjene og halde på presteskapet. Tidleg på 1300-talet står Mattiaskyrkja til nedfalls. Kristkyrkja var borte på 1400-tallet. Margaretakyrkja blei i 1587 omtalt som «For nogen tid siden» nedlagt og i 1632 blei den riven og steinen brukt til å byggje på Peterskirka, den som no er «Borgundkyrkja».

Ålesund
Frå Vegsundet til Steinvågen kom det opp mange handelsplassar utover på 1500-talet, og etter kvart vart det ei fortetting av slike ved sundet mellom Nørvøya og Aspøya. Ålesund vaks fram.