Møbelmuseet, Sykkylven

Museet er eit dokumentasjonssenter for den norske møbelindustrien. Møbelmuseet har et rikhaldig bibliotek, kjeldeskrift frå møbelbedrifter, eit bildearkiv m. m. Vi har også ei stor samling møblar og produksjonsutstyr som viser utviklinga av den møbelindustrielle produksjonen i Noreg frå hundreårsskiftet 1900 og fram til i dag. I den faste utstillinga kan ein sjå møblar frå heile den meir enn hundre år lange historia til norsk møbelindustri.

Foto: Hallvard Sandvik

 

Onsdag 3. juni  opnar vi museet for deg og dine igjen! Vi gler oss til å sjå dykk alle - men ikkje alle på ein gong. FHI sine til ei kvar tid gjeldande reglar knytt til tiltak for redusert smittespreiing av covid-19, gjeld også for musea.