LANDBRUKSMUSEET, VESTNES

Internatbygget

Ein føresetnad for etableringa av ein slik undervisningsstad var avtale om kjøp av “Hinngarden” på Gjermundnes av Christoffer Domaas sine etterkommarar. Internatet vart samlingsstad for undervisning og bustader for lærarar og elevar. I tillegg hadde bygget ein sosial dimensjon som arnestad for diverse sosiale aktivitetar på kveldstid etter skuletid. Internatbygget som i dag er ein del av Landbruksmuseet for Møre og Romsdal sine arrangement samt utstillingar, arkiv og administrasjon, er eit usedvanleg stort bygg for si tid. Ein kan kanskje snakke om at det var bevisst å ha eit monumentalt bygg frå amtet (fylket) si side for å markere statusen til den nyetablerte Landbruksskulen ved etableringa. Prefabrikerte ferdighus som vert levert i modular er elles noko ein lett kan forbinde med vår eiga samtid, men dette er ikkje noko som har komme inn som ein del av byggmarknaden dei siste tiåra. Internatbygget på Gjermundnes er nemleg eit slikt prefabrikert ferdighus som vart levert frå firmaet Thams i Trondheim. Det same firmaet leverte i det same tidsrommet Hotell Union på Øye i Norangsdalen ved Hjørundfjorden. Hotellet er nestan identisk med internatet på landbruksskulen når det gjeld panløysing og utforming reint arkitektonisk.

Mykje av bakgrunnshistoria når det gjeld oppføringa av internatet er kjent, men korleis det vart frakta hit har ein ikkje sikre opplysningar om. Ei sannsynleg moglegheit kan vere at frakta gjekk sjøvegen frå Trondheim til Romsdalsfjorden og Gjermundnesbukta nedanfor Landbruksskulen. Vidare kan ein tenke seg at arbeidslag ved hjelp av vogn og hest frakta reisverket opp til byggestaden. Visst det var slik det føregjekk er det berre nokre hundre meter i fraktavstand frå Gjermundnesbukta til tomta kor det vart reist. Men som sagt vert dette meir ein spekulasjon enn ei faktaopplysning. Murararbeidet vart gjort lokalt naturleg nok, og eit stort snekkarlag med byggherre i spissen sette opp ferdighuset når det kom hit til staden. Landbruksmuseet har i sine utstillingar over skulehistoria fleire foto og anna dokumentasjon som syner byggeprosessen og sluttføringa av denne.

Utover funksjonen som bustad og undervisningsstad kan det vere interessant å vite att internatet tidlegare hadde eigen matsal for elevane kor fast ansatt kokke og kjøkkenpersonale elles delte ut mat gjennom ei luke i veggen. Elevane satt langs langbord på langbenkar ved måltida. Museet har med jamne mellomrom besøk av tidlegare landbruksskuleelevar som kan fortelje om si tid som elevar ved skulen på 1940 og 1950-talet. Mange av desse noverande pensjonistane minnast måltida og det sosiale livet på internatet som gode opplevingar, men samstundes påpeikar dei att kosten var noko einsidig i høve til mellom anna tettheita av spekesildmåltid. Ungdommar den tida og i dag har ein god del ulike føresetnader, men ulovleg ølbrygging og fruktslng dreiv dei med har nokre av dei fortalt.