DALSFJORD FYRMUSEUM, VOLDA

Historien

Dalsfjord fyrmuseum ligg i nærleiken av Løvika, der fyrpioneren Ole Gammelsen Mork dreiv gard, saman med kona Kanutte.

Før Ole kjøpte garden var han med på bygginga av Runde fyr i 1825-26. Seinare deltok han i vegbygginga mellom Ørskog og Ålesund. Som entreprenør leia han arbeidet med bygginga av den første Hellebroa i Ålesund.

I 1838 fekk han arbeidet med å setje opp sjømerke og fortøyingsfeste langs norskekysten. Mannskapet hyra han frå dei nærmaste grannane og gardane. Dei seilte ut om våren og arbeidde fram til seinhaustes. Om vinteren dreiv dei fiske. Kvinnene tok seg av mykje av arbeidet på gardane.

Arbeidet i Fyr - og Merkevesenet nærast gått i arv frå generasjon til generasjon i bygdene i Volda og Ørsta. I tillegg tok mange arbeid i Havnevesenet.

Dei sunnmørske fyrbyggarane bygde fyr og lykter ikkje berre langs norskekysten, men også på Svalbard og Kolahalvøya. Historikaren Jostein Nerbøvik har synt at arbeidarane frå Volda har delteke i bygginga av omtrent halvparten av fyra våre.

Fortsatt finnast det arbeidarar frå Dalsfjord i Kystverket

FILM OG FOREDRAG

Dalsfjord fyrmuseum har bidratt til fleire bøker, artiklar og filmar om fyrhistorie. les meir

FYRLYKT

I ein fjord utan fyr finnast det ei fyrlykt. Ho har museale oppgåver. Fyrlykta hjå Dalsfjord fyrmuse ... les meir

MUSEUMSBYGG

Ei ny utstilling vart opna i november 2013 i nye lokale. Museet er bygd i bakkant av Dalsfjord skule ... les meir

DALSFJORD SOGELAG, BRUNE-BUDA

Dalsfjord fyrmuseum har eit nært samarbeid med Dalsfjord sogelag (Fjordmuseet) som m.a. har eigedome ... les meir

BÅTNAUST

Naust med fiskeutstyr og fleire robåtar. les meir

GARDSTUN

Korsfurtunet er eit verna lite gardsbruk frå kring 1860-70 talet. Det særmerkte ved dette tunet er a ... les meir

MEIR OM DALSFJORD FYRMUSEUM, VOLDA