Utstillingsopning "Visuelle nabolag"

 
9/6, kl 13:00-14:00
VISUELLE NABOLAG
Velkommen til opning av Nasjonalmuseet si vandreutstilling «Visuelle nabolag»!

 

Kan ein stille ut masseproduserte gjenstandar saman med unike kunstverk i ein og same utstilling? Vandreutstillinga «Visuelle nabolag» ønskjer å gi eit skråblikk på Nasjonalmuseet si samling ved å vise til uventa fellestrekk mellom kunst, design og arkitektur. For å tydeleggjere desse likskapane har ein hengt ulike typar verk på følgande tematiske knaggar: «Kunst og kamp», «Kunst og konsum» og «Kunst og Kongerike».

Program for dagen vert lagt ut - men sett av datoen allereie i dag!