Utstillingsopning

 
8/10, kl 12:30-14:00
SUNNMØRE MUSEUM
Gled deg! I oktober opnar vi utstillinga «Pil og boge – midt i blinken».

Ei utstilling om pila og bogen si utvikling. Utstillinga viser eit stort utval av replikaer og rekonstruksjonar av forhistoriske og historiske piler og bogar. Her vil ein òg få prøve seg på kunsten å skyte med pil og boge – innandørs i utstillinga. Sjølvsagt under oppsyn og kyndig rettleiing. Utstillinga vert òg ein del av undervisninga knytt til skuleformidlinga på Middelaldermuseet.

Utstillinga vil stå ut skuleåret 2017/2018.