Utstillingsopning

 
11/2, kl 12:30-14:30
SUNNMØRE MUSEUM
Velkommen til opninga av utstillinga «Pil og boge – midt i blinken». Ei utstilling om pilbogen, ein av dei viktigaste oppfinningane i historia, både på godt og vondt. Enkel, hurtig, stille og dødbringande.

 

Utstillinga følgjer pila og bogen frå starten, då dei revolusjonerte jakta i eldre steinalder, via slagmarkene i jern- og mellomalderen, til idrettsgrein i moderne tid. Pil og boge spreidde seg raskt til dei fleste hjørne av verda, og har felt alt frå småvilt til heile imperium. 

Valentinsdagen
Utan samanlikning forøvrig – men likevel ikkje heilt tilfeldig er opning av utstillinga er lagt til inngangen på veka der vi feirar Valentinsdagen. Dagen der Amors piler er i ekstra fokus. Og det skal sjølvsagt også markerast denne søndagen.

Spennande foredrag
Arkeolog, bogemakar og habil bogeskyttar Heidi Haugene innviar oss i den spennande historia knytt til utviklinga av pilbogen, både som kampreiskap og fredleg fritidssyssel. Og det er ikkje umogleg at også myta om Amors piler kjem inn som ein del av historia her.

Om utstillinga
I utstillinga kan ein sjå eit stort utval replikaer og rekonstruksjonar av forhistoriske og historiske piler og bogar, så nære originalane som mogleg. Her er mellom anna kopi av den eldste steinalderbogen, krigsbogar frå jernalderen, vikingbogen, den legendariske engelske langbogen, mellomalderbogar frå Bryggen i Bergen, hornbogar og armbrøster. Alle med tilhørande piler, med stein-, bein- og jernspissar, til å skyte både firbeinte og tobeinte.

Prøv deg på bogeskyting
Ei kvar utstilling om pilbogen med respekt for seg sjølv, må sjølvsagt også ha sin eigen «Pil og boge konkurranse». Og heilt spesielt - dette på eiga bane, inne i sjølvaste utstillinga.

Bli med du også og prøv deg på bogeskyttarkunsten, under kyndig rettleiing frå erfarne bogeskyttarar!

 

PROGRAM

12.30 Opning av utstillinga
13.00 Foredrag m/ arkeolog og bogeskyttar Heidi Haugene
13.30 Aktivitetar for små og store:
         Lag deg di eiga pil
         Skyt med pil og boge - under kydig veiledning, på INNANDØRS bane!

Velkommen til spennande utstillingsopning søndag 11. februar KL. 12.30! GRATIS inngang!


Utstillinga er utvikla av: 
Tekst: Espen Kutschera, Bymuseet i Bergen
Replika: Ivar Malde, arkeolog og bogemakar
Foto: Terje Tveit og Espen Hartz