Tur med Borgundknarren

 
28/6, kl 13:00-16:00
SUNNMØRE MUSEUM
Ta med deg familie og vener og opplev Ålesund frå sjøsida!

Ein tur på sjøen høyrer sommaren til. Som ein del av aktivitetsdagane i sommarferien, legg vi frå kai kvar onsdag kl. 13, kl 14 og kl 15. Bli med du også!
Billettar kjøpast i resepsjonen.

Bryllaup eller blåtur?
I vår- og sommarmånadane kan du leige vikingskipet på dag- eller kveldstid, vekedag eller helg. Ta med deg gjestane dine på ein lunsj- eller kveldstur og samtidig opplev vakre Ålesund frå sjøsida. Vi hentar og bringjer dykk dit du og ditt følgje ønskjer. For meir informasjon og pris, kontakt siw@sunnmore.museum.no

Borgundknarren
Det vakre vikingskipet Borgundknarren, som ligg ved museumskaia, er kopi av ein original knarr som vart funne i Danmark i 1962. Knarren var vikingane sine handelsskip meir enn 1000 år attende i tid. Slike båtar vart nytta til handelsferdar i vikingtid og tidleg middelalder. Truleg var det med eit slikt skip Leiv Eiriksson nådde Amerika.