Til glede og gavn

 
1/2, kl 19:00-23:30
TRESFJORD OPPVEKSTSENTER
Til glede og gavn er den avsluttende konserten for ungdomsprosjektet «Raudan gull 4». Årets fokusområde er tradisjonsmusikk og -dans frå Stordal og Norddal.

Folkemusikken frå Norddal og Stordal er gamal, og mange slåttar og songar kan sporast tilbake til 1700- og 1800-tallet. Arven etter mellom anna Myre-Mons, Rasmus Skuset, Knut Støle, Olivia Busengdal og Petrine Vidhammer, vert no lyfta fram i lyset på ny i nye former.

 

Arrangementet er også ei markering av at Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal er 30 år i 2020. Etter konserten vert det dans til spelemannslag frå heile fylket.

 

Inngang (pris): Konsert – 200kr for vaksne og 100kr for barn

                       Konsert og dans – 250kr

Sted: Tresfjord oppvekstsenter

Kontaktinformasjon: folkemusikk@hivolda.no