Segltur med Storeggen

 
28/8, kl 18:00-21:00
FISKERIMUSEET
Fiskerimuseet inviterer publikum til å vere med og segle bankskøyta Storeggen. Storeggen er ein kopi av ei ålesundsk fiskeskøyte frå 1890 – åra. Med full seglføring har skøyta sju segl, og fiskarane den gongen var gode seglarar.

Dette er ein tur for dei som ønsker å oppleve korleis det er å segle ei gaffelrigga fiskeskøyte som Storeggen. Du må ikkje kunne segle frå før, men du må kunne ta i eit tak. Vi går frå Fiskerimuseet, ut Molja og dit vinden tek oss.  

 

Tidspunkt: Tysdag 28. august kl 18 – 21 og tysdag 4. september kl 18 – 21

Utstyr: Varme klede og niste, gjerne sjøstøvlar og arbeidshanskar. Sikkerheitsutstyr om bord.

Pris/ Billett:

Voksen: NOK 400,-

Ungdom (15-18 år)

 

Kjøp billettar under eller reserver billetter ved å kontakte: postam@sunnmore.museum.no / tlf: 70 16 48 42

Segltur med Storeggen NB: Max 12 passasjerar.

På – og avmønstring: Fiskerimuseet, Molovegen 10, Ålesund

Oppmøte et kvarter før avreise!

 

Foto: Vasco Pinhol