På Skrå - Publikumsdag i Bjørkedalen

 
15/3, kl 13:00-15:00
SUNNMØRE MUSEUM
Snidbetningen er ein gammal, særeigen båttype frå Sunnmøre. Han skil seg vesentleg frå andre med si uvanlege bordlegging. Det er no sett i verk tiltak for å ta vare på kunnskapen om båten, ein viktig del av sunnmøre si immaterielle kulturarv. «På Skrå» som går føre seg i Bjørkedalen er ein del av Forbundet KYSTEN sitt breiddegåveprosjekt "Tradisjonsbåt - bygging og bruk".

 

Musea på Sunnmøre gjennomfører prosjektet i samarbeid med båtbyggar Jakob Helset og båtbyggarlærling Erlend Helset. Målet er å overføre kunnskap om snidbetningen til komande generasjonar ved bygging og bruk av ein snidbotna firrøring.

 

15.mars inviterer vi til ein open publikumsdag på garden og i båtskotet til Jakob Helset. Båtforskar Håvard Hatløy vil snakke om det særeigne ved snidbetningen, vi viser fram eldre verktøy brukt til båtbygging og drøftar material og materialbruk.

 

Bjørkedalen kystlag står for sal av sveler, kaffi og bøker.

 

VELKOMEN!

 

Navn på Arena:         Båtskottet til Jakob Helset, Helset i Bjørkedalen

Samarbeidspartnarar: Forbundet KYSTEN, Bjørkedalen kystlag.

Inngang:                    Gratis

 

Kontaktinformasjon:

Jens Henrik Hammerås

Formidlar Musea på Sunnmøre

E-post: jens@mupsu.no

Telefon: 94436805