Opning av Åkre bedehus

 
10/3, kl 13:00-16:00
BEDEHUS FRÅ ÅKRE
Sunnmøre Museum ønskjer velkommen til offisiell opning av Åkre bedehus. Tidfesta program vert lagt ut, men sett av datoen allereie i dag!

 

Bedehuset vart flytta til Sunnmøre Museum i 2016 og satt opp med utvendig panel, vindauge og inngangsdør slik det var originalt. Tømmerveggane innvendig er også henta fram.

Åkre bedehus vart bygd i kjølevatnet av dei religiøse vekkingane på 1880-talet, og sto ferdig i 1889. Bedehuset var eit viktig forsamlingshus.