Aktivitetsdag i haustferien

 
10/10, kl 12:00-15:00
SUNNMØRE MUSEUM
Heime i haustferien? Bli med på mange og lærerike "potetferieaktivtetar"! Dårleg ver? Ingen fare - vi held oss innomhus :)

 

Hiv deg på vår uhøgtidlege "potetquiz", lag potetkaker og fantasifulle potettrykk. Bli med på teiknekonkurranse - med det sjølvsagte temaet "Potet". Bli feiande flott med ansiktsmåling, lag din eigen skinnpose, leit og finn svara på «Tipp og vinn». Påfyll av energi? I «snopedisken» sel vi smågodt i lausvekt. Og sjølvsagt har vi open museumskafé, med sal av kaffi, saft, sveler, pølser og anna godt.

 

Ope
Museet er ope frå kl 10.00 - 16.00. Aktivitetane startar kl. 12.00 og varar til kl. 15.00

Inngang
Voksen kr 80, senior kr 60, barn kr 40, familie kr 170

VI GLER OSS TIL Å SJÅ DEG!

 

Potetferie
Tidlegare vart haustferien kalla potetferie. Ferien vart lagt til tida då potetene skulle opp av jorda, slik at skuleborna kunne hjelpe til med innhaustinga. Nokon hevdar at potetferien vart innført under dei harde krigsåra på 1940-talet for å hjelpe bøndene med innhaustinga. Andre meiner vi kan spore den lenger tilbake.