Middelaldersymposiumet er utsatt! Ny dato kjem.

 
10/6, kl 18:00-20:00
SUNNMØRE MUSEUM
I mellomalderen var Borgund ein viktig kyrkje – og kjøpstad. Byen kan ha vore på sitt største omkring år 1100, men rundt 1500-talet var nesten alt borte.


I fleire hundreår visste ingen kva som hadde vore der. Under nyryddingsarbeid i 1912 kom forpaktaren ved prestegarden over det som seinare skulle vise seg å vere muren etter Margaretakirka. Dette var startskotet til ei rekke arkeologiske utgravingar; i 1912, 1940, 1953/54 og 1983. Ein har funne spor etter hus, vegar, graver og gjenstandar.

Ved Universitetsmuseet i Bergen har ein bevart 45 000 arkeologiske gjenstandar av ulik karakter og frå ulike aktivitetar. No skal eit internasjonalt team forske på materialet, og slik finne meir kunnskap om menneska og livet i middelalderbyen som forsvann.

 

PROGRAM
Foredragshaldararane er enten med forskningsprosjektet, eller har spesiell kunnskap om staden og perioden. Endeleg program er under utarbeiding og vert lagt ut så snart som råd. Men sett av datoen allereie i dag!

 

INNGANG
Kr 100 kroner