La Hombino: Sunnmøres første utøvende kunstner

 
25/10, kl 18:00-19:00
AALESUNDS MUSEUM
Møt Sunnmøres første utøvande kunstnar – L’ HOMBINO Musikalsk foredrag med smakebitar frå Wilhelmine Holmboe si songkarriere. 25. oktober kl 18:00 i foajeen på Parken Kulturhus.

Sara Wilhelmine «L`Hombino» Holmboe vart fødd på Nørve i Ålesund i 1842. Hun var dotter av sorenskrivar på Nordre Sunnmøre Joachim G. Holmboe og Anna Johanne Øwre. Allereie midt i tenårene reiste Wilhelmine til Kristiania for å få utdanning i song og piano. Seinare gjekk vegen til København, Paris, Italia og elles på kontinentet, der ho opptrådde på fleire av dei store scenene.

I dag blir ho rekna som ei av dei første store norske operasangerinnene. Wilhelmine etterlet seg ei stor samling brev frå slekt og vener. Desse er oppbevart på Aalesunds museum. Brevsamlinga, som inneheldt omkring 2000 brev frå om lag 1860-80 gir innsyn i norsk og nordisk kulturliv og kvardagslivet til borgarskapet i Ålesund.

Fleire av brevskrivarane høyrde til samtidas nordiske kulturelite. Blant desse var Edvard Grieg og Marie Thoresen (søster til Susanne Thoresen, gift med Henrik Ibsen). Wilhelmine slutta som songarinne då hun gifta seg med den svenske fysioterapeuten Rolf Schenstrøm i 1880. Ho døydde på Åsgårdstrand i Vestfold i 1939.

Medverkande:

Ragnhild Eide Akslen er utdanna songar og songpedagog. Ho har ei utøvande mastergrad i song frå Griegakademiet i Bergen, og har studert ved Det Kongelige Danske Musikkonservatorium i København. Ragnhild er jamnleg brukt som solist, og har sunge med ei rekke orkester, blant anna Bergen Filharmoniske orkester. Ho har også sunge sceniske roller, som i Glenn Erik Hauglands opera «Hypermusikal» ved Den norske opera og Knut Vaages «Veslefrikk med fela». Ho har spelt inn «Haugtussa» av Grieg ved Radio France i Paris og urframført Kjetil Hvoslefs «Gåte» ved Festspillene i Bergen.

 

Stein Arne Fauske er historikar og bygdebokforfattar, og har skrive fleire artiklar om sunnmørshistoria. Stein Arne jobbar for tida med arkiva på Aalesunds museum, og har dykka ned i den omfattande brevsamlinga til Wilhelmine Holmboe.

 

Aud Farstad er historikaren som ved ei tilfeldighet gjenoppdaga Wilhelmine Holmboe-Schenstrøm, og skreiv ein artikkel om denne første profesjonelle kunstnaren frå Sunnmøre. Aud har vakse opp i samme område som Wilhelmine, ved Nørvasund i gamle Borgund kommune.