Kven drap presten i Valle?

 
29/6, kl 12:00-15:00
VOLDA BYGDETUN
Det er ein morgon i 1579, midt i den urolege reformasjonstida. I Valle i Setesdal møter soknepresten sin endelykt utanfor kyrkja. Kven står bak?

I Volda Bygdetun kan du vere med på å løyse gåta, laga av festspeldiktar Lars Mæhle. Her må små og store detektivar leite opp spor rundt om på museet. Spora leier fram til motivet for prestedrapet, våpenet som blei brukt, og ikkje minst den skuldige – om du greier å pusle alt rett saman.

 

Lars Mæhle har laga mange krimgåter for detektivar i alle aldrar. Han har skrive om mystiske hendingar i Kråkeslottet barnehage, om krimteamet Siri og Max for barn i barneskulealder, og førebels tre vaksenkrimbøker med psykologen Ina Grieg i hovudrolla. Soga om prestedrapet er basert på ei sann historie.

Krim-mysteriet om presten i Valle blir sett opp kvar ettermiddag under Festspela, i samarbeid med Volda Bygdetun, Samlaget og Norsk folkemuseum.

Krimgåte for små og store detektivar av Lars Mæhle

 

I samarbeid med Samlaget og Norsk folkemuseum

NOK 70,- /Familie NOK 200,-

 

Kjøp billett her

Les meir om Lars Mæhle på alkunne.no