Kulturminnedag på Herøy Kystmuseum

 
16/9, kl 12:00-16:00
HERØY KYSTMUSEUM
Vil du verte betre kjend med Herøy gard si historie og sjå og oppleve vår gamle kystkultur? Tema for årets kulturminnedagar er «Typisk norsk – ikkje berre norsk».

Vi ynskjer å vere med å setje søkelyset på kva som definerer den norske kulturarven. Kva er norsk og korleis har lokalsamfunnet påverka og blitt påverka i møte med verda, mellom folk og andre kulturar.

Aktivitetar:

  • Gjennom Guri Aasen si vandreforteling «Anna Olava, den gløymde husfrua på herøy gard» kl. 12.30 og 13.30 i hovudhuset, vert me kjende med kvinna som har gjeve namn til jekta og som i i 14 år var husfrue på Herøy gard i stordomstida til handelsstaden.
  • I sjøbuda syner Håvard Hatløy dei gamle sunnmørske klinkbygde båtane si historie gjennom både bygging og forteljing. Her vert det også teiknebord for barna i Ishavsgalleriet og plakatutstillinga «Typisk Norsk – ikkje berre norsk» produsert av Nasjonalbiblioteket og Kulturvernforbundet. Cecilie Rørstad og Ingvill Naalsund syner korleis sauen har vore ein viktig ressurs for innbyggarane langs kysten. Vi syr skinnfellar og viser korleis ull og garn, det flotte norske råstoffet, kan få vakre og naturlege fargar både frå lokale og importerte plantar.
  • Museumskafé med sal av vafler, kaffi, te og brus i gamlebutikken
  • I steinhuset viser Marit Moltu sin kunstinstallasjon til minne om den gamle kyrkja på Herøy.
  • Ute kan du teste ferdigheitene dine på stylter, hesteskokasting og hoppetau.
  • Sunnmørsjekta «Anna Olava» ligg ved kaia og det vert moglegheit til både å gå om bord i jekta og prøve ut sjøliv og jektefart frå kaia.

Bilettar:

Born kr. 30 - Vaksne kr.  70-  Honnør/student kr. 50

Årets Kulturminnedagar er ein del av Kulturarvåret 2018 – eit europeisk initiativ frå Europarådet og EU. Formålet med kulturarvåret er å feire den mangfaldige europeiske kulturarven, vise at kulturen ikkje er statisk og at vi deler felles historie og identitet.

 

Velkomen!

 

Arr: Herøy kystmuseum – Herøy kommune kulturavdelinga – Vener av Sunnmørsjekta «Anna Olava»