"Oppvekst og utdanning - før og no"

 
22/9, kl 14:00-17:00
VOLDA BYGDETUN
"Forskningsdagane 2018" ønskjer velkommen til foredrag på Gamlegymnaset i Volda.


Arbeidet for opplysning og skulegang for born og unge har prega og spegla samfunnsutviklinga. Kvifor kom praksisen med å sende borna på skule nasjonalt og internasjonalt? Korleis var det å vekse opp som barn i Volda kring 1900? Og kva syner forsking om barndom i lys av utdanningssamfunnet nyare tid?

Volda er kjend som skulestaden i vår region. Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda inviterer til foredrag som kan gi varierte innblikk i temaet oppvekst og utdanning før og no. Arrangementet  er i samarbeid med Stiftinga Sunnmøre Museum og Gamlegymnaset i Volda. Her vert også framsyning av gamle skulebilete frå Voldasamfunnet, utstilling av skulehistorisk materiale, samt kafé til inntekt for arbeidet med vedlikehaldet av Gamlegymnaset.

 

PROGRAM

14.00-14.15 Den første skulen på Sunnmøre – Borgund fri- og fattigskule. Line Iversen, regionkonservator ved Stiftinga Sunnmøre Museum.

14.15-14.30 Barndom i Volda kring 1900. Eivind Indresøvde, tidlegare historiedidaktikar ved Avdeling for samfunnsfag og historie, Høgskulen i Volda.

14.30-14.45 Kvifor sende borna på skule? Om skulens samfunnsoppdrag i eit historisk perspektiv. Førstelektor Elisabeth Teige, Avdeling for samfunnsfag og historie, Høgskulen i Volda.

14.45-15.00 Oppvekst og utdanning i nyare tid. Professor Peder Haug,Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Høgskulen i Volda.

15.00-17.00 Framsyning av gamle Voldabilete. Glimt frå utviklinga av skulestaden i Volda. Kari A. Hasle, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Høgskulen i Volda.