Førjulssøndag

 
8/12, kl 12:00-16:00
SUNNMØRE MUSEUM
Tradisjonen tru ønskjer vi velkommen til Førjulssøndag!

 

Inkludert i billetten får du vere med på mange og lærerike førjulsaktivitetar:
Snekre og male småbåt, dyppe stearinlys, smake på heimelaga sirupsnippar, strandabakkels, krumkaker, flatbrød og julebrød. Bake lefser og potetkaker, høyre juleeventyr, sjå smeden og skomakaren i arbeid, prøvesitte Spjelkavikruta. Steike eplebåtar med sukker og kanel, prøve deg på å lage trau, lage julehjerter, julekorger, perlehjerter og kubbenissar.

Hatlane skulekorps spelar jula inn på «Buholmen», og vi får besøk av  stjernejenter og stjernegutar frå Steinerskulen – med lys og lykter og vakker song.

Årets julegåver kjøper du i dei mange salsbodene på området. Alt frå knivar, gamaldags godteri, ansiktskremar og oljer til bøker, nålebinding og saueskinn. Vi får besøk av nonnene frå klosteret i Norddal, Ålesund Knivlag, Frøyas Lyst, Sunnmøre Historielag med fleire.

Og innimellom kan du ta ein pust i bakken i stemningsfylte Skodjestova, der du kan kjøpe både gløgg og smultringar. Eller nyt ei svele, ein kopp kaffi, rømegraut eller noko anna godt både i museumskaféen og i Ytterlandstova.

 

Velkommen til ein aktivitetsrik førjulssøndag på museet!

 

Inngang:
Voksen kr 150
Barn kr 100 (gratis for barn under 3 år)