Aktivitetsdag i vinterferien

 
21/2, kl 12:00-15:00
SUNNMØRE MUSEUM
Det er vinterferietid! Og tradisjonen tru vert det også i år aktivitetsdag for store og små på "Buholmen".


Bli med på forteljarstund i Dybhuset, sjå smeden i arbeid i Flydalsmia og lag skinnposar i Skomakerbuda. På kjøkkenet i Dybhuset steikjer vi nydelege fiskekaker til smaking og i tunet prøvar du deg på saging og vedhogst. Rull tønneband, slå naglar, test kreftene på «spiker i stubbe» og uthuling av tretrau. Leit og finn svara på vår museumsquiz. Sal av vaflar og kakao ved Åttringsnaustet.

Open museumskafe med kaffe, sveler og anna godt for den som vil ta ein liten pust i bakken.

Velkommen til vinterferiedag på museet!

 

Inngang: Voksen kr 80, barn kr 40, familie kr 170 og senior kr 60.