Sunnmøre Museumslag inviterar til fellestur!

Sunnmøre Museumslag inviterar til ein sosial og lærerik museumstur, laurdag 5. oktober. Turen går med felles buss til Dalsfjord Fyrmuseum og Ivar Aasen-tunet.

 

 

Dalsfjord Fyrmuseum
Vi tek ferja frå Volda til Lauvstad, for besøk og omvising på Dalsfjord Fyrmuseum. Her får vi høyre den spennande historia til dei mange dalsfjordingane som har vore med å bygge fyr, lykter og hamner langs heile kysten - heilt frå 1825.

Ivar Aasen-tunet
Vi besøkjer Ivar Aasen-tunet der vi får vite meir om mannen som endra norsk språkhistorie. Allereie som 22 åring hadde han klare tankar om korleis ein burde gå fram for å gjenreise det norske språket i skrift. På Aasen-tunet vert det også servering frå tunet-kafeen, som er kjend for sine heimelaga lunsjrettar og kaker med innslag av kortreiste spesialitetar.

Heimvegen går via Eiksundsambandet til Moa og Ålesund.

 

PRAKTISK INFORMASJON:

  • Avreise frå Ålesund Rutebilstasjon kl. 08.30 og Moa Rutebilstasjon kl. 08.50
  • Påmelding innan 18. september til g-margr@online.no eller via sms til mobil 48 27 73 28
  • Pris pr person kr 750. Innbetaling til kontonr. 3900 21 29160