Musea på Sunnmøre søkjer administrerande direktør

Vi søker ein erfaren, tydeleg, trygg og samlande leiar som kan vise til stor gjennomføringskraft og gode samarbeidsevner.

 

Vår nye leiar må kunne inspirere til tverrfagleg innsats og ha evne til å bygge gode relasjonar internt og eksternt. Det vert lagt vekt på solid erfaring frå endringsleiing og utvikling av organisasjon, økonomi og fag med fokus på ressursutnytting og dei til ei kvar tid gjeldande mål. Stillinga krev gode evner til kommunikasjon og god innsikt og erfaring frå administrative og politiske beslutningsprosessar. Erfaring frå administrasjon, utvikling og leiing er grunnleggande viktig. Kunnskap om og erfaring frå leiing av profesjonelle kunst- og kulturinstitusjonar vert tillagt vekt.

Målet er å utvikle eit endå betre museum til større nytte og glede for publikum.

 

Det vil bli lagt vekt på

  • Relevant høgare utdanning, innan administrasjon, leiing eller økonomi
  • Samhandlings- og prosessleiarkompetanse i eit tverrfagleg arbeidsfelt
  • Evne og motivasjon til å bygge nettverk og kompetanse
  • Evne til å motivere og kommunisere internt og eksternt
  • Innsikt i det offentlege si rolle og ansvar som samfunnsutviklar
  • Saksbehandling- og utgreiingskompetanse
  • Evne til å arbeide systematisk og målretta
  • Erfaring frå leiing av profesjonell kunst- og kulturverksemd

 

 

Stillinga har eit åremål på 6 år som kan bli fornya.

Lønn etter avtale. Pensjonsordning gjennom KLP.

 

 

Søknad

Send søknad med CV og referansar til post@mupsu.no
Søknadsfrist 28.10. 2019

Utfyllande informasjon om Musea på Sunnmøre
Vedtekter for Musea på Sunnmøre

Nærare opplysningar om stillinga ved styreleiar Jon Aasen, tlf. 900 80 87
eller avtroppande kst. adm. dir. Jarle Sanden, tlf. 913 07 483

 

Det nye regionsmuseet Musea på Sunnmøre er etablert gjennom ein fusjon mellom stiftingane Sunnmøre Museum, Kulturkvartalet og Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal. Museet har 40 tilsette, med hovudkontor i Ålesund. På grunnlag av den gjennomførte konsolideringsprosessen ligg det føre ambisiøse utviklingsplanar.