Søkjer museumsvert - Landbruksmuseet

Landbruksmuseet på Gjermundnes søkjer utåtvend og engasjert museumsvert med gode språkkunnskapar og interesse for kulturarvsformidling til resepsjonsarbeid og kafé.

 

Arbeidsoppgåvene består i hovudsak i å gje informasjon til besøkande, billettsal og omvising. Andre arbeidsoppgåver knytt til museumsverksemda kan bli aktuelle. Vertane har også ansvar for tryggleik, tilsyn og stell av uteområdet, dagleg reinhald og  klargjerings- og stengeoppgåver.

 

Stillinga er deltid i perioden 23. juni-18. august. Presiser i søknaden om du kan jobbe heile eller delar av sesongen. Søknadsfrist 6. juni

 

Spørsmål, kortfatta søknad, CV, vitnemål og attestar kan sendast til:

postvb@sunnmore.museum.no