Søkjer museumsvert - Herøy Kystmuseum

Herøy Kystmuseum søkjer utåtvende og engasjerte museumsvertar med gode språkkunnskapar og interesse for kulturarvsformidling til resepsjonsarbeid og kafé. Arbeidsoppgåvene består i hovudsak i å gje informasjon til besøkande, billettsal og omvising. Andre arbeidsoppgåver knytt til museumsverksemda kan bli aktuelle. Vertane har også ansvar for tryggleik, tilsyn og stell av uteområdet, dagleg reinhald og klargjerings- og stengeoppgåver.

 

Stillinga er deltid i perioden 9. juni- 18. august. Presiser i søknaden om du kan jobbe heile eller delar av sesongen. Søknadsfrist 15.mai.

 

Spørsmål, kortfatta søknad, CV, vitnemål og attestar kan sendast til:

postvb@sunnmore.museum.no