Bygging av lagerhall

Med ei voksande samling av båtar, vogner og andre store gjenstandar, har behovet for plass til oppbevaring tvunge seg fram. På Sunnmøre Museum er bygginga av ein 730 kvadratmeter stor lagerhall satt i gong. Hallen skal etter planen stå ferdig våren 2018.

 

Lagerhallen skal romme alle dei store gjenstandane som no er oppbevart mellom anna i mange av dei antikvariske bygga på museet. Med frigjort areal opnar det seg også fleire mogligheiter for formidling og utstilling. At ein no får samla alle større gjenstandar under same tak er sjølvsagt også hensiktsmessig og ressursbesparande kva gjeld arbeidet knytt til forvaltning av gjenstandane.

 

Finansieringa av lagerhallen er gjort med midlar frå Møre og Romsdal fylke og Sparebanken Møre, i tillegg til eigne midlar.