Ny konstituert direktør ved Stiftinga Sunnmøre Museum

Torbjørn Akslen er tilsett som konstituert direktør ved SSM.

 

Styret i SSM har gjort vedtak i styremøte 04.09.2018 om å tilsette Torbjørn Akslen som konstituert direktør ved SSM. I samråd med dagens direktør Ivar Gunnar Braaten som går over i anna stilling ved museet, vil direktørskifte skje 1. oktober 2018.

Torbjørn Akslen, 42 år, frå Emblem i Ålesund, er utdanna historikar frå Universitetet i Bergen. Han har arbeidd i fleire år ved Museum i Bergen, og var tilsett i 4 år ved Stiftinga Kulturkvartalet. Der var arbeidsoppgåvene i hovudsak ved Jugendstilsenteret. Våren 2015 blei Torbjørn Akslen avdelingssjef ved Aalesunds Museum, og han vil dermed få permisjon frå den stillinga.

Styret i SSM er glad for at Torbjørn Akslen stiller som konstituert dirketør, og vi ser fram til samarbeidet for å få til eit godt resultat for museumsarbeidet for heile Sunnmøre i framtida. SSM er inne i ein viktig omstillingsperiode, og Torbjørn Akslen er i styringsgruppa på denne omstillinga. Konstitueringa vil vare frå 1. oktober i år til ny direktør er på plass i ny organisasjon etter planen utpå hausten i 2019.

Det er ei travel tid i heile SSM, og styret ynskjer konstituert direktør Torbjørn Akslen og alle dei tilsette lukke til med arbeidet framover.