SSM tar del i "Forskingsdagane 2018"

"Oppvekst" er tema for årets forskingsdagar i Volda.

 

Her kan du mellom anna høyre foredraget om den første skulen på Sunnmøre; Borgund fri- og fattigskule v/ Line Iversen, samlingsansvarleg og regionkonservator i SSM. Foredraget finn stad laurdag 22. september kl 14.00 på "Gamlegymnaset".

Søndag 23. september besøkjer du Volda Bygdetun der studentar frå Høgskulen i Volda er på plass med råvarer, oppskrifter, kunnskap og matkulturelle opplevingar. Rundt omkring i bygdetunet kan publikum få vere med på å lage, smake og lære om mat med ulik historisk og kulturell tilknyting.

"Forskingsdagane 2018"  er i regi av Høgskulen i Volda.