Fekk Kongens medalje for fyrhistorisk arbeid

Kjell Viken la ned ein enorm innsats for å gjere den norske fyrhistoria kjend for ettertida. Nyleg vart han belønna med «Kongens fortjenstmedalje» for det store engasjementet.

 

– Utan deg hadde vi ikkje hatt Fyrmuseet her i Dalsfjord, understreka ordførar i Volda, Sølvi Dimmen, då ho overrekte den ærverdige medaljen laurdag 9. mai 2020. 

Det var ikkje tilfeldig at overrekkinga fann stad akkurat her i Dalsfjorden. Langs denne fjorden på Sunnmøre har nesten alle gardar tilknyting til Fyr- og merkevesenet. I dei fleste familiar gjekk fyryrket i arv i fleire generasjonar. Kjell sin familie var ikkje eit unntak. Både far, farfar og oldefar var blant dei mange fyrbyggarane herifrå, som bygde mange av dei mest kjende fyra langs norskekysten.

Frå 1970-talet byrja ein lokalt å samle på gjenstandar frå Fyr- og merkevesenet. I tillegg vart det samla inn fotografi og fortellingar frå heile landet, med dalsfjordingen Kjell Viken (f. 1934) i spissen. Viken jobba sjølv i Kystverket og Fyr- og merkevesenet i heile sitt yrkesaktive liv, og segla land og strand rundt. Gjennom ei årrekke samla og dokumenterte han fyrhistorie både i nasjonalt perspektiv, og ikkje minst frå det unike miljøet i Dalsfjord.

Kjell byrja i Fyrvesenet allereie som 16-åring i 1950. Seinare tok han utdanning og vart både styrmann og skipper. Då han pensjonerte seg i 1999 hadde han arbeid heile 45 år i etaten. Viken var med i etableringa av Fyrhistorisk foreining, som vart stifta i 1997 og i arbeidet med å etablere og skaffe midlar Dalsfjord fyrmuseum. Viken var også med i arbeidsgruppa for etablering av eit nasjonalt etatmuseum for Kystverket.

– Heilt sidan 70-talet har han samla gjenstandar, verktøy og bilete for å dokumentere livet og historia til fyrbyggarane. Dette viktige arbeidet danna grunnlaget for Dalsfjord fyrmuseum, som vart opna i 2012 og i dag er ein del av Kystverkmusea. Som skipper og styrmann på fleire av etaten sine fartøy har Kjell svært god oversikt over fyrstasjonar og fyrvaktarar langs heile kysten. I det frivillige og museale arbeidet er han ein person alle har tillit til. Kjell har vore eit viktig bindeledd mellom etaten, dei frivillige og musea, seier Frode Pilskog, konservator ved Musea på Sunnmøre. 

Her kan du sjå filmar og foredrag der Kjell Viken har medverka, blant anna episoden «Sunnmørske fyrbyggarar» i NRK-serien «Lysglimt», og i «Kystreise langs Sunnmøre»:

http://www.sunnmore.museum.no/musea/dalsfjord-fyrmuseum/historien/film-og-foredrag/