Tidenes besøkstal

Året 2017 ga tidenes besøkstal for dei tre musea i Ålesund; Sunnmøre Museum, Aalesunds Museum og Fiskerimuseet. Til saman ei auke på meir enn 19% samanlikna med fjoråret.

 

I hovudsak er det talet på cruisegjestar som utgjer den store auka . «Med ei auke på nærmare 30 % ser vi at musea også nyt godt av den aukande tilkomsten av cruisegjestar til Ålesund» seier kreativ leiar Siw Solvang. «Dette viser at den innsatsen som Ålesund Cruisenettverk i samarbeid med Ålesund Havn gjer opp mot cruiserederia, også kjem oss opplevingsaktørar til gode. Men det er klart - vi kan heller ikkje kvile på «laurbæra». Fokus på auka service i tillegg til kvalitet knytt til dei kulturelle opplevingane er fortsatt heilt avgjerande».

Aktivitet avlar aktivitet
Erfaringane viser at invitasjon til ulike arrangement og aktivitetsbasert formidling av kulturhistoria vår, skapar engasjement og interesse frå publikum – heile året. Frå og med januar til og med desember  tilbyr musea eit variert og spennande program. «I 2017 inviterte musea i Stiftinga Sunnmøre Museum til meir enn 60 ulike arrangement og tilstellingar. Alt frå Bunkervandring , Hattens dag  og Onsdagsaktivitetar til foredrag med ulike tema»  seier Solvang.

Nye utstillingar skapar nye besøk
«Gjennom året har vi i tillegg til vandreutstillinga «Evighetens form» også opna to større, faste utstillingar; «Losen» på Fiskerimuseet og «Sunnmøringen Rollo» på Sunnmøre Museum» fortsetter Solvang «Begge utstillingane har vore betydelige sett opp mot både format og publikumsinteresse»

Forventa auke i 2018
Med ei varsla auke i tilkomsten av cruiseskip til Ålesund i 2018, i tillegg til opning av to nye utstillingar og ikkje minst årets store «happening»; Sunnmøre Middelalderfestival, ser vi fram til nye mogligheiter for eit nytt og spennande toppår.