Framtida er havet - temakveld på Fiskerimuseet

 
5/3, kl 19:00-21:00
FISKERIMUSEET
Sunnmøringen har leve av fisken i havet til alle tider, og bidreg til sjømaten i verda. Men verda og havet er i endring. Det blir stadig fleire menneske på jorda og ingen veit sikkert korleis klimaendringane vil påverke livet i havet. Korleis møter sunnmøringen den stadig hardare konkurransen om ressursane? Vil morgondagen by på nye smakar frå havet? Kva vil havet bety for framtidas sunnmøringar? Dette er av spørsmåla vi har stil til forskarane Snorre Bakke og Margaret Kjerstad ved Møreforsk, gourmetrestauranten BRO i Ålesund og elevar ved danselinja på Fagerlia Videregående. Skjerp sansane og bli med på ein temakveld om havet og framtida.

Snorre Bakke og Margaret Kjerstad ved Møreforsk arbeider med lite utnytta ressursar i havet, som t.d. kongesnegl og sjøpølser i tillegg til korleis ein betre kan nytte restråstoff frå fiskeriet. 

Bro Restaurant sitt konsept er sunnmørsk kystgastronomi. Dei ønsker å utfordre og utforske lokale sesongvarer. Kjøkensjef er Ronny Kolvik, som de siste syv årene har vore kjøkensjef og dagleg leiar på anerkjente Arakataka i Oslo.  

 

Billettane legges ut 31.01.20 kl 16:00

 

Foto: Vasco Pinhol