Folk på flukt - i 1904 og no

 
26/1, kl 15:00-17:00
AALESUNDS MUSEUM
Natt til 23. januar 1904 small det frå brannkanonene, og for å berge livet måtte ålesundarane forlate nesten alt dei eigde. Innover Borgundvegen gjekk dei i tog, redde og triste, på leit etter husly, mat og trøyst. Ålesund, ein by med 12 000 innbyggarar, låg i ruinar.

Ved telt og rundt båla på museumshaugen forsøker vi å forestille oss den Sunnmørske vinternatta utan hus og heim. Historikar Ingvil E. Grimstad, fortel korleis livet etter bybrannen fortona seg og ga utfordringar.

Også i dag må folk mange stadar flykte på kort varsel. Randi Saure har arbeidd i fleire ulike konfliktområde for Redd Barna og fortel korleis ein i dag jobbar under humanitære katastrofer, og korleis katastrofane pregar menneska.

Suppebilen er ein av mange i Ålesund som arbeider for menneske som har falt litt utanfor. Bilen har sidan 2012 gitt mange eit treffpunkt og eit varmt måltid. Denne ettermiddagen kjem dei opp på haugen og serverer si varmande suppe til oss.

Arrangementet er gratis, det er og gratis inngang på museet frå 10-17.

Samarbeidspartnere: Suppebilen, Redd Barna, Friluftsrådet