SUNNMØRE MUSEUM, ÅLESUND

Turar med Borgundknarren


Timesturar med avgang frå brygga på sørsida i Ålesund (nedanfor Rutebilstasjonen):

Kl. 09.30   Kl. 11.00   Kl. 12.30   Kl. 14.00

...på desse datoane:

JUNI:    18,   19,   20,   21,   23,   27,   28    og  30

JULI:       2,  4,  5,  8,  9,  11,  16,  18,  20,  21,  23,  25,  28  og 30

AUGUST:   1,   2,    4,     5,     6,    9,    10,   11,   13   og  15


Med stødig hand tek vår vikingskipper Helge og hans vikinghjelpar oss med på tur utover mot Slinningen, rundt Langevågsholmane, forbi Tyskholmen og tilbake langs "meieristranda". 

Litt historiepåfyll.
Undervegs får du mellom anna høyre forteljinga om Olav den Heilage og hans menn som var på flukt og la seg i skjul i Steinvågen i Ålesund. Og du får svar på kvifor dragehovudet ligg i båten, og ikkje er festa til stamna... Eller kva åt dei, desse vikingane, når dei var langt til havs, på vikingtokt? Vi har med ein liten smaksprøve. 

Selfietime!
Brynje, hjelm, skjold og sverd høyrer sjølvsagt vikingtida til. Vi har replika ombord til prøving for den som vil det - eit utmerka motiv om ein vil ta ein selfie eller to :)

 

Pris
Kr. 140 pr. person. Same pris for barn som for voksne.
Billettar kjøper du på brygga på sørsida (Rutebilstasjonen), der Borgundknarren har sine avgangar. Du må gjerne komme nedom på formiddagen for å kjøpe billettar til tur seinare på dagen.

 

Borgundknarren.
Borgundknarren er ein kopi av eit havgåande vikingskip, frå ca. år 1000, spesialbygd for handel. Den er 16m lang, 4,6m brei og har eit råsegl på 87m2. Kjøl, mastefisk og stamner er av eik, mens båtborda er av furu.

Knarrane vart nytta som handelsskip i nære og fjerne farvatn i vikingtid og tidleg mellomalder. Dei er kraftige båtar med god lasteevne, godt egna for havsegling. Det var slike skip Leiv Eiriksson nytta då han kryssa Atlanterhavet til Amerika.

Borgundknarren er bygd av Sigurd Bjørkedal og søner, og vart sjøsett i 1993. Borgundknarren har namn etter handelsstaden Borgund, som var eit knutepunkt på Sunnmøre. Skriftlege kjelder frå sagatida fortel om Borgundarbatin - båten frå Borgund.